Sunday, November 25, 2018

Robinson R44 Clipper II, LN-ORH: Fatal accident occurred February 17, 2019 in Røldalsfjellet, Norway



NTSB Identification: CEN19WA083
14 CFR Non-U.S., Non-Commercial
Accident occurred Sunday, February 17, 2019 in Roeldal, Norway
Aircraft: ROBINSON R44, registration:
Injuries: 2 Fatal.

The foreign authority was the source of this information.

The government of Norway has notified the NTSB of an accident involving a ROBINSON R44 helicopter that occurred on February 17, 2019. The NTSB has appointed a U.S. Accredited Representative to assist the government of Norway's investigation under the provisions of ICAO Annex 13.

All investigative information will be released by the government of Norway.




Helikopteret vart lokalisert av eit redningshelikopter på Røldalsfjellet ved 3-tida natt til måndag. Vraket ligg i ein bratt skråning på Røldalsfjellet.

Redningsmannskap har komme seg fram til helikopteret og begge to er funne omkomne, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til NRK.

De omkomne var heimehøyrande i Rogaland.

Ifølgje redningsleiar i Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, Edvard Middelthon var helikopterturen ikkje meldt inn på førehand.

Truleg tok helikopteret av i 15.20-tida frå Røldal, men det er ikkje sikkert. Turen var ikkje på det me kallar ein «registrert flight plan». Det er fullt lovleg å fly utan, men det gjer at lufttrafikktenesta ikkje fanget opp at helikopteret var forsinka, seier Middelthon.

Redningsarbeidet tar derfor lengre tid, fordi me har mindre informasjon for å starte eit søk med. Det blir som å reise heimanfrå utan å melde frå kor du skal hen og kva du skal.

Redningsmannskap måtte bruke snøscooter og gå til fots for å komme fram til vraket.

Det var ei kvinne og ein mann, begge i 40-åra, om bord i helikopteret. Dei vart funne og konstatert omkomne klokka 04.20.

Like før klokka 7 vart dei henta ned av hjelpemannskap. I første omgang vert dei sende til Odda, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK klokka 7.30.

Politiet i Bergen varsla hovudredningssentralen klokka 21.53 søndag kveld om eit mogleg sakna helikopter.

Helikopteret skal vere av typen Robinson R44 med plass til fire personar, skriv VG, som først omtala saka. Det har vore ein vanleg helikoptertype å nytte både sivilt og militært verda over.

Venar og pårørande har komme med bekymringsmelding når dei ikkje har høyrd frå dei i løpet av dagen, seier vakthavande redningsleiar Johan Mannsåker til NRK.

Saman med politiet vart hovudredningssentralen samde om å sette i gang eit søk.

Vi er usikre på kva som har skjedd, om dei har flydd inn i eit område utan dekning og sett seg på bakken, eller om noko anna har skjedd, sa Mannsåker til NRK etter midnatt.

Dei konsentrerte dei seg om å leite med redningshelikopter, redningshundar og bakkemannskap frå Raudekrossen i området mellom Røldal skisenter og Seljestad.

https://www.nrk.no

No comments:

Post a Comment